Jobbeskrivelse
Innholdsdesignar
seksjon brukerdialog
Stillingstittel:  Rådgiver
Stillingstype:  Fast
Sted:  Oslo
Søknadsfrist:  16.11.2026

Vil du lage innhald som gjer det enklare å gjere rett?

Mattilsynet har eit viktig samfunnsoppdrag. Vi jobbar for trygg mat og trygt drikkevatn, god helse hos planter og dyr og god dyrevelferd. For at brukarane våre skal kunne følge regelverket, ta gode val og finne ut kva dei skal gjere, må informasjonen vår vere tydeleg, relevant og enkel å bruke.

Derfor søker vi innhaldsdesignarar som vil vere med på å utvikle, strukturere og forbetre innhaldet på mattilsynet.no og andre digitale flater.

Hos oss handlar innhaldsdesign om meir enn å skrive gode tekstar. Det handlar om å forstå brukarbehov, gjere komplekst regelverk og fagstoff forståeleg, strukturere informasjon og bidra til digitale løysingar som fungerer i praksis.

 

Du blir ein del av team innhaldsdesign, eit fagmiljø som er i utvikling og jobbar med å gjere innhaldet vårt tydelegare, meir brukarvennleg og enklare å forvalte. Samtidig vil du samarbeide tett med fagmiljø, innhaldseigarar og produktteam for å lage innhald som er klart, tilgjengeleg og nyttig for brukarane.

Vi skal tilsette to innhaldsdesignarar. Ansvar og oppgåver vil bli tilpassa erfaring og kompetanse, og du får vere med på å vidareutvikle korleis Mattilsynet jobbar med innhaldsdesign framover.

 

Jobben går ut på å

  • utvikle, strukturere og forbetre digitalt innhald med behova til brukarane som utgangspunkt
  • gjere komplekst regelverk og fagstoff forståeleg, slik at brukarane veit kva som gjeld, og kva dei skal gjere
  • leie og fasilitere innhaldsdesignprosessar i samarbeid med fagmiljø, innhaldseigarar og produktteam, frå innsikt og prioritering til publisering og forbetring
  • innhente og bruke innsikt frå brukarar og data til å prioritere, teste og forbetre innhald over tid
  • saman med resten av team innhaldsdesign forvalte og vidareutvikle innhaldsmodellen for mattilsynet.no
  • sikre at innhaldet er klart, tilgjengeleg og forma ut i tråd med prinsipp for klarspråk, inkluderande design og universell utforming
  • saman med resten av teamet utvikle felles metodar, prinsipp og arbeidsmåtar for innhaldsdesign i Mattilsynet

 

Vi ser etter deg som har

  • relevant høgare utdanning, for eksempel innan innhaldsdesign, språk, kommunikasjon. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • erfaring med innhaldsdesign eller tilsvarande arbeid med å utvikle, strukturere og forbetre digitalt innhald ut frå brukarbehov
  • erfaring med å bruke klart språk til å gjere komplekst fagstoff forståeleg for brukarane utan at det går ut over fagleg presisjon
  • svært god skriftleg formidlingsevne på bokmål og nynorsk og god munnleg kommunikasjonsevne på norsk

 

 

Det er ein fordel om du også har

  • erfaring med å fasilitere innhaldsdesignprosessar saman med fagmiljø, innhaldseigarar og produktteam
  • erfaring med innsiktsarbeid, brukartesting, analyse eller evaluering av digitalt innhald og digitale tenester
  • erfaring med strukturert innhald, innhaldsmodellering og innhaldsforvalting
  • erfaring med publiseringsverktøy, gjerne headless CMS, som Enonic eller tilsvarande
  • kjennskap til universell utforming og korleis vi kan gjere digitalt innhald tilgjengeleg og brukbart for ulike målgrupper
  • erfaring frå offentleg sektor, regelverksarbeid eller andre komplekse fagområde

 

Hos oss bruker vi blant anna Enonic som publiseringsløysing og verktøy som Matomo, Miro og Figma til analyse, innsikt og samarbeid.

 

Vi ser etter deg som

  • liker å grave i behov, strukturere informasjon og lage innhald som gjer det enklare for brukarane å gjere rett
  • trivst med å jobbe i team, dele kunnskap og utvikle gode løysingar saman med andre
  • bygger gode relasjonar med ulike fagmiljø og andre samarbeidspartnarar og bidrar til felles forståing av behov og løysingar
  • tar ansvar for eigne oppgåver og bidrar til framdrift, også når det er mange omsyn å ta
  • er trygg nok til å gi faglege råd og utfordre etablerte løysingar på ein konstruktiv måte

 

Vi vil legge vekt på personlege eigenskapar.

 

Vi tilbyr

  • fast stilling som rådgivar (1434) eller seniorrådgivar (1364) med lønn etter avtale, avhengig av utdanning, erfaring og kompetanse. For tida frå kr 650 000 til kr 900 000 for tilsvarande stillingar i Mattilsynet. For særleg kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare lønn.
  • ei rolle med påverknadskraft i ein viktig samfunnsinstitusjon i utvikling
  • eit sterkt fagmiljø innan teknologi, sikkerheit og forvalting – med engasjerte og hyggelege kollegaer
  • moderne kontorlokale sentralt i Oslo
  • gode arbeidstidsordningar (fleksibel arbeidstid) og moglegheit for inntil to dagar heimekontor i veka
  • medlemskap i Statens pensjonskasse med gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar

 

Kontaktinformasjon

E-post: hedvig.seim.grindheim@mattilsynet.no eller telefon: 90204208

 

 

Slik søker du

Vi tar berre imot søknader elektronisk. Vi ber om at du lastar opp vitnemål via Vitnemålsportalen. Dette sikrar ei enkel og sikker overføring av dokumenta dine. For meir informasjon om korleis du bruker Vitnemålsportalen, besøk vitnemålsportalen.no. Søkarar som ikkje har moglegheit for det, legg inn attestar og vitnemål som vedlegg til søknaden.

 

 

Saman tryggar vi framtida for menneske, dyr og natur
Det er både visjonen vår og eit uttrykk for korleis vi jobbar saman for å løyse det viktige samfunnsoppdraget vårt. Vi utviklar organisasjonen og løysingane vi leverer, med utgangspunkt i behova til brukarane våre.

I Mattilsynet er vi over 1 200 kollegaer over heile landet, med kompetanse på mange fagfelt. Vi er blant anna veterinærar, biologar, juristar, teknologar og medarbeidarar med bakgrunn innan næringsmiddelproduksjon og forvalting. Saman bidrar vi blant anna til trygg mat og trygt drikkevatn, god dyrehelse og dyrevelferd og god plantehelse.

Mattilsynet er eit statleg forvaltingsorgan og rapporterer til Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Du kan lese meir om oss på mattilsynet.no.

Inkludering og mangfald er ein styrke for Mattilsynet. Vi ønsker oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv – fordi det gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre.
Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV‑en og/eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg til å krysse av for dette når du søker jobb hos oss. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkar frå kvar av desse gruppene til intervju. Får du jobben, legg vi til rette for deg. Avkryssingane blir berre brukte i rekrutteringsprosessen og til anonymisert statistikk.