Jobbeskrivelse
Vi har jobben for deg som er oppteken av dyrehelse og dyrevelferd!
seksjon produksjonsdyr midt
Stillingstittel:  Veterinær
Stillingstype:  Fast
Sted:  Ålesund
Søknadsfrist:  03.05.2026

Seksjon produksjonsdyr midt har ei ledig stilling som veterinær. Du vil ha kontorstad i Ålesund, men med anledning til å bidra på andre kontorstadar. Seksjonen er ein del av avdeling landdyr, i tilsynsdivisjon landdyr og slakteri.

Som veterinær i denne seksjonen får du ein variert arbeidskvardag med anledning til å bruke heile bredda i utdanninga di, i eit viktig samfunnsoppdrag som sikrar trygg mat og ivaretek dyrehelse og dyrevelferd - frå jord til bord. Du vil vere ein del av eit dedikert team, som jobbar tett saman for å oppfylle vårt viktige samfunnsoppdrag. Vi tilbyr ein spennande og variert arbeidskvardag, med gode moglegheiter for utvikling innanfor fagfeltet.

Om du trivst med sjølvleiing, samarbeid og har god rolleforståing, har du gode forutsetningar for å trivast hos oss. Du får høve til å gjere ein forskjell, samstundes som du jobbar i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer. Bli med på laget og vær med på å sikre trygg mat for alle!

 

Sentrale arbeidsoppgåver 

  • Tilsyn med dyrehelse og dyrevelferd i dyrehald, gjennomføre prøvetaking, veilede i regelverk, skrive rapportar og gjere forvaltningsmessig oppfølging og har kontakt med interessenter
  • Kjøttkontroll
  • Vi er ein beredskapsorganisasjon, som betyr at du må bidra til å handtere hendingar og kritiske situasjonar
  • Andre oppgåver må påreknast ut ifrå avdelinga sitt samla behov

 

Kvalifikasjonskrav

  • Du må vere veterinær med norsk autorisasjon
  • Du må ha god skriftleg og muntleg framstillingsevne på norsk
  • Du må ha førerkort klasse B
  • Du må vere fortruleg med å bruke IKT verktøy

 

Ønskelege kvalifikasjonskrav

  • Erfaring med produksjonsdyr
  • Erfaring frå offentleg forvaltning
  • Erfaring frå kjøttkontroll

 

Personlege egenskaper

  • Du likar å jobbe i team og har gode samarbeidsevner, men må og kunne jobbe sjølvstendig
  • Du er fleksibel, engasjert og har evne til å prioritere
  • Du jobber effektivt, nøyaktig og bidreg med løysingar på problemstillingar som oppstår
  • Du bidreg til eit positivt arbeidsmiljø og trivsel på arbeidsplassen


Vi tilbyr

  • Fast stilling som førsteinspektør (stillingskode 1498) eller seniorinspektør (stillingskode 1499) med lønn etter avtale, avhengig av utdanning, erfaring og kompetanse. For tida frå kr. 650 000 til kr. 770 000 for tilsvarande stillinger i Mattilsynet. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
  • Ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre
  • Arbeid med eit spennenande og viktig samfunnsoppdrag, i ein organisasjon i endring
  • Fine og moderne kontorlokale i Ålesund
  • Gode arbeidstidsordningar (fleksibel arbeidstid, sommartid, betalt overtid)
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse med gode pensjons-, lån- og forsikringsordningar


 
Kontaktinformasjon:

Ta gjerne kontakt med seksjonssjef Kristin Ness på tlf. 970 05 003, om du har spørsmål om stillinga.


Slik søkjer du: 
Vi tek imot kun elektroniske søknadar. Vi ber om at du lastar opp vitnemål via Vitnemålsportalen. Dette sikrar ein enkel og sikker overføring av dokumenta dine. For meir informasjon om korleis du bruker Vitnemålsportalen, besøk vitnemålsportalen.no. Søkjarar som ikkje har høve for det, legg inn attestar og vitnemål som vedlegg til søknaden.

Saman tryggar vi framtida for menneske, dyr og natur
Det er både visjonen vår og eit uttrykk for korleis vi jobbar saman for å løyse det viktige samfunnsoppdraget vårt. Vi utviklar organisasjonen og løysingane vi leverer, med utgangspunkt i behova til brukarane våre.

I Mattilsynet er vi over 1 200 kollegaer over heile landet, med kompetanse på mange fagfelt. Vi er blant anna veterinærar, biologar, juristar, teknologar og medarbeidarar med bakgrunn innan næringsmiddelproduksjon og forvalting. Saman bidrar vi blant anna til trygg mat og trygt drikkevatn, god dyrehelse og dyrevelferd og god plantehelse.

Mattilsynet er eit statleg forvaltingsorgan og rapporterer til Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Du kan lese meir om oss på mattilsynet.no.

Inkludering og mangfald er ein styrke for Mattilsynet. Vi ønsker oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv – fordi det gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre.
Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV‑en og/eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg til å krysse av for dette når du søker jobb hos oss. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkar frå kvar av desse gruppene til intervju. Får du jobben, legg vi til rette for deg. Avkryssingane blir berre brukte i rekrutteringsprosessen og til anonymisert statistikk.